Husnes Skulekorps
Husnes skulekorps
 • Framsida    • Kva skjer    • Foreldreinformasjon    • Om korpset    • Turar    • Historie    • Bildearkiv    • Støtt korpset     • Gjestebok  

 

 

   Historie

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 293 634

 

 


Bli med på ei lita reise i fortida:
50 spennande år i Husnes skulekorps

Husnes skulekorps såg dagens lys 14. september 1965. Namnet på korpset var då Underheim skulemusikk.

Hausten 1988 vart namnet endra til Husnes skulekorps. Dette vart gjort for å ha eit namn som var meir representativt for Husnes-samfunnet, med tanke på at korpset no rekrutterte medlemmer frå skulekrinsane Husnes, Sunde og Valen.

Ideen til oppstart av eit skulekorps på Husnes kom frå to medlemmer i Husnes mannskor. Det var Jan Birger Foss og Bernt Kaldestad. Dei hadde ein kveld i veka med blokkfløyteopplæring, og på ein øvingskveld, vart tanken om eit ”blåsekorps”, med messinginstrument fødd.

Ved oppstarten 14. sep. 1965, var det 14 stk. som hadde meldt si interesse. Allereie i desember 1965 var medlemstalet oppe i 26. Aspirantopplæringa var på blokkfløyte, der dei fekk lært notekunnskap. Øvingslokala dei første åra, var gamle skulen på Lonabråtet.

Til 17. mai i 10-årsjubileumsåret fekk skulemusikken si første fane. Elles vart 10-årsjubileet markert med skulemusikkstemne for Kvinnherad, som vart arrangert på Husnes 25. mai 1975, tur til Bjerkheim på Jæren, juni -75. Korpset talde 32 aktive medlemmer dette året og Jan Birger var framleis dirigent.

1975–1985

Neste tiårsperiode i Husnes skulekorps gjekk det litt opp og ned med medlemstalet. Gullåret var 1980. Då var det 43 aktive medlemer og 16 aspirantar. Dette året var korpset på tur til England. Hausten 1983 var medlemstalet nede i 18, av desse var 6 aspirantar. Hausten 1985 vart det sett i gong notekurs for aspirantar frå skulekrinsane Husnes, Sunde og Valen.

Den 1. september 1978 var det dirigent skifte. Ola Lillesand overtok jobben, etter Jan Birger, som då hadde vore dirigent i 13 år. I 1982 vart det starta drillkorps og fire jenter meldte si interesse. Instruktør var Randy Hjelmeland.

1985–1995

Husnes skulekorps fekk ny fane til 17. mai 1989. Den var teikna av Ole Bjarte Røssland og sydd av Randi Karin Helland. Det store spørsmålet i slutten av denne perioden var: ”Er det liv laga for eit korps?” 18. februar 1994 seier dåverande dirigent Frode Kaldestad til Kvinnheringen: ”Krise i skulemusikken, går under for full musikk. Første gong korpset ikkje kan spela på 17. mai”. Hausten 1995 var det fem aktive medlemmer og 7 aspirantar.

1995–2005

Skal korpset dra inn årane eller skal me prøva å satsa? Heldigvis vart det satsa vidare. Statusen i korpset hausten 1996 var fem aktive korpsmedlemer og ikkje enkelt å skaffa dirigent. Det var gamle instrument, dei fleste var vasskada. Notane flaut og kontoen var tom. Dåverande styre bretta opp erma, tok kvarandre i hendene og bestemte seg for å få korpset på beina att. Med ei urokkeleg tru på eit framtidig korpsliv i Husnessamfunnet.

I denne oppbyggingsfasen vart det lagt stor vekt på det sosiale aspektet. Små turar, eksterne og interne seminar, kos på øvingar ein gong i månaden, festivalar. I 2002 ein tur til Danmark. Mykje arbeid med å få økonomien på beina. Instrumentparken vart fornya. I 2003 vart det kjøpt inn nye uniformer. Medlemstala har vore svingande i desse åra, med ein fin topp i 2002, då var det 45 medlemmer med aspirantar. Det har vore ein del utskifting av dirigentar. Hausten 2004 byrja Kjell Skarsfjord som dirigent.

Året er 2005, 17 medlemmer og 20 aspirantar samt 6 innleidde musikantar som tidlegare var med i korpset. Jubileumsåret vart feira den 24. april med storstila festkonsert i kulturhuset på Husnes. Det var også utstilling av gamle korps effektar i Kvinnherad sparebank og sommartur til Varberg i Sverige.

2005–2015

Kvar haust dei siste 6 åra har korpset delteke på Karmøy Brassfestival. Avslutningsturar før sommarferiane har det også vore. Kinsarvik, Oslo, Stavanger, Spania og til Husnes Ungdomsskule, med overnatting, kos og litt øving.

No er vi i det 50. skulekorpsåret. Det musikalske nivået er høgt. Takka vere dirigenten vår Kjell, som korpset har vore så heldig å ha sidan 2004. Og ein fin bukett med unge, talentfulle korpsmedlemer.

Berit Hansen Bjelland



Utskriftsvennlig versjon
 

 

 

Husnes skulekorps, Postboks 142, 5480 Husnes, E-post: husnesskulekorps@knett.no