Husnes Skulekorps
Husnes skulekorps
 • Framsida    • Kva skjer    • Foreldreinformasjon    • Om korpset    • Turar    • Historie    • Bildearkiv    • Støtt korpset     • Gjestebok  

 

 

   Historie
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 293 616

 

 


Årshjulet til Husnes skulekorps

Korpset har aktivitet gjennom heile året, med store variasjonar og til tider travle dagar. Ungane får bryna seg og tilbyr ei kulturoppleving til bygdefolk og gjester i kommunen vår.

Vår

Me byrjar våren med ein vårkonsert rundt påske. Då ber me inn andre korps og artistar. Alle kan koma og høyra på, drikka kaffi, eta kaker og vera med på den tradisjonelle utloddinga med mange flotte premiar frå støttespelarane våre i næringslivet.

Etter vårkonserten er det rett over på førebuing til 17. mai. Me har då eit helgeseminar frå fredag til søndag, med mykje øving og meir kos. I løpet av ei slik helg prøver me å få til eit speleoppdrag i nærleiken. Ein viktig ting før 17. mai er marsjtrening. Då går me i gatene på Husnes, spelar og øver på å gå i takt, med bygda som publikum.

Så kjem 17. mai. Då har korpsmedlemene den store trimdagen. Dei går i to forskjellige 17. maitog. Eine året på Valen og Sunde, året etter på Husnes og Sunde. Siste oppdraget er alltid på Sunde og der får dei pølse, brus og is, som dei sett stor pris på etter all gåinga.

Sommar

Når sommaren nærmar seg, reiser korpset på ein tur eller har overnattingshelg i nærleiken av skulen. Turar me har hatt er blant anna: Kinsarvik, Bø i Telemark, Sverige, Oslo og Stavanger. I fjor gjekk turen til Spania.

Så kjem sommarferien og vi tar ferie for felles øvingar. Mange melder seg på sommarkurs. Det finns fleire kurs: Gult for dei minste, raudt for dei mellomste og blått for dei eldste. På kursa lærer dei mykje nytt og øver inn eit sluttnummer med tema som dei viser til foreldra ved kursslutt. Dei har òg mykje kos med leik, bading, dans og kosekveldar.

Haust

Eit nytt korpsår startar om hausten. Då kjem aspirantane som har gått eitt år i lære inn i korpset. Me samkøyrer nye og gamle medlemer. Me byrjar straks å øva inn melodiar til haustkonserten, ei fin førestilling som er vel verd å få med seg for både unge og gamle. Alle er hjarteleg velkomne til å sjå og høyra på desse konsertane.

I september plar me reisa til Karmøy Brassfestival. Eit høgdepunkt for musikantane. Her møter og spelar dei saman med andre korps frå Vestlandet. Dei treff att vener frå i fjor og etablerer vennskap som kan vara livet ut. Dei øver, går på diskotek, bingo, showkonsert med Stangeland brassorkester, bading i Karmøyhallen og ”korte” netter. Festivalen varer heile helga og på søndagen har dei ein stor konsert. Det kjem mange tilhøyrarar som høyrer kor mykje medlemene har klart å øve inn på berre ei helg.

Vinter

Medlemene byrjar tidleg å øva inn melodiane til jul. Me har ei seminarhelg, der me øver og har det kjekt i lag. Der har me blant anna juleverkstad og liknande. Desember er den travlaste månaden til korpset. Då spelar me på julegateopning på Storsenteret, i kyrkja, i samband med juletresal på Valen og Handeland gard og andre oppdrag. Me har blant anna opna julegata på Halsnøy.

Årets siste hending er grautfesten. Korpset spelar og me får ein smakebit av aspirantane sin framgang. Husnes Musikklag kjem på besøk og spelar for oss. Etterpå et vi graut, nissen kjem og deler ut godteposar til alle borna. Til slutt vert det kaffi, kaker og sjølvsagt basar.

Mona Elisabeth Bjelland Herskedal

    Utskriftsvennlig versjon
 

 

 

Husnes skulekorps, Postboks 142, 5480 Husnes, E-post: husnesskulekorps@knett.no