Husnes Skulekorps
Husnes skulekorps
 • Framsida    • Kva skjer    • Foreldreinformasjon    • Om korpset    • Turar    • Historie    • Bildearkiv    • Støtt korpset     • Gjestebok  

 

 

   Historie
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 304 062

 

 


2013 - Vårseminar

Fredag 12. til søndag 14. april inviterte Husnes Skulekorps til felles seminarhelg for dei tre aktive skulekorpsa i Kvinnherad: Husnes Skulekorps, Uskedal Skulemusikk og Rosendal Skulekorps.

Korpsa øvde i grupper og dei øvde saman, dei vart kjende med kvarandre, og dei hadde ein flott fest med god mat, underhaldning og dans om lørdagskvelden.

Tilsaman 72 musikantar hadde ei kjekk og lærerik helg saman, og som avslutning på helga vart det invitert til ein stor konsert. Der spela dei tre korpsa fyrst flott kvar for seg, før Brazzoka imponerte og engasjerte alle i salen.

Høgdepunktet vart likevel det flotte samspelet mellom dei tre korpsa, som vart toppa med urframføringa av det nykomponerte stykket «Small-blast», som arrangørane av seminaret hadde bestilt av Sebastian Torjussen. Det vart ståande applaus, jubel og entusiasme etter urframføringa, publikum sette stor pris på det dei fekk høyre!

Det å samle desse korpsa har ikkje vore gjort før. Og det vart ei svært positiv oppleving for både musikantane, foreldra og arrangørane Husnes Skulekorps. Dette kom godt fram i den flotte konserten som avslutta seminarhelga! Vi seier gjerne ja takk til å samlast fleire gonger!

Ann Kathrin Røssland


Klipp frå konserten i Kulturhuset Husnes med Husnes Skulekorps, Uskedal Skulemusikk, Rosendal Skulekorps og Sebastian Brazz Crew finn du på http://www.youtube.com

Sjå også bilete i Bildearkivet.

    Utskriftsvennlig versjon
 

 

 

Husnes skulekorps, Postboks 142, 5480 Husnes, E-post: husnesskulekorps@knett.no