Husnes Skulekorps
Husnes skulekorps
 • Framsida    • Kva skjer    • Foreldreinformasjon    • Om korpset    • Turar    • Historie    • Bildearkiv    • Støtt korpset     • Gjestebok  

 

 

   Historie
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 304 070

 

 



2014 - Hordablæsten

Helga 14.-16. mars var det tid for den andre konkurransen for Husnes skulekorps dette korpsåret.

Vi spelte Big Spender, Derrick og Lady Marmelade, og enda opp med 86 poeng. Dette var to fleir poeng enn på forrige konkurranse, så det går den rette vegen! Vi fekk ein delt niende plass i 3. divisjon. Begge dommarane takka oss for ein fin konsert.

Laurdag kveld var det tid for festkonsert i Bergen sin storstue, Grieghallen. Der var stemningen så høg, at ein skulle tru at taket hadde letta! Vi i Husnes skulekorps må laga vårt eige kamprop til neste år… Etterpå feira vi resultatet med eplemost i høge glas. Laurdagen vart avslutta med ein populær pakkeleik.

Vi budde to netter på Hotel Comfort Holberg. Etter ein lang og god frukost på hotellet søndag, reiste vi ut til Ishallen på Loddefjord. Der fekk Daniel endeleg bruk for curlingbuksa si! Curling var vanskeligare enn dei hadde trudd… Resten gjekk på skøyter. Dovydas var heilt klart den ivrigaste her…

Britt

 

Sjå fleire bilete i bildearkivet.

    Utskriftsvennlig versjon
 

 

 

Husnes skulekorps, Postboks 142, 5480 Husnes, E-post: husnesskulekorps@knett.no