Husnes Skulekorps
Husnes skulekorps
 • Framsida    • Kva skjer    • Foreldreinformasjon    • Om korpset    • Turar    • Historie    • Bildearkiv    • Støtt korpset     • Gjestebok  

 

 

   Historie
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 293 601

 

 


2014 - Jubileumskonsert
 

Husnes skulekorps feira sitt 50-års jubileum på Kulturhuset Husnes laurdag 8. november.

 

Prima blåsarar

Husnes skulekorps sparte ikkje på konfekten då det baud inn til jubileumskonsert i Kulturhuset Husnes laurdag kveld.
– Vi er litt tidleg ute, men vi ville gjerne gi denne konserten no når vi er i toppform, helsa leiaren i laget, forelder Britt Sollien.

Skulekorpset markerte nemleg 50 år med denne konserten, men så gamalt er ikkje korpset før til neste år. At musikantane var i toppform kan vi skriva under på. Det er ingen tvil om at dirigent Kjell Skarsfjord har ei god hand om korpset og taktstokken. Viss ein lukka igjen auga, kunne ein mest tru at musikken vart levert av flinke vaksne. Korpset er tydelegvis òg stødig leia av eit ambisiøst styre som vil det absolutt beste for musikantane.

Variasjon

Konserten var godt sett saman. Den begynte flott med Deep Purple-låten «Smoke on the water» og klassikaren «King of the Road». Etterpå noterte vi oss for stadig stigning i programmet, med ein mogleg topp i avslutningsnummeret «Skyfall».

Korpset viste publikum at det kunne kunsten å variera mellom sterkt og svakt, melodiøst og rytmisk, lett og vanskeleg. Spelegleda var lett å høyra, men vanskeleg å sjå. Dei unge blåsarane var nok svært konsentrerte under spelinga av det krevjande stoffet. Denne gongen varta korpset opp med solist på eitt av nummera. Ingrid Skarsfjord leverte «Walking on Sunshine» med innleving og god stemme.

Til eit anna nummer stilte ein dansetrupp frå kulturskulen, følgt av imponerande solodans av Ingebjørg Røssland.

Ingen jubileumsfest er utan gjester. Husnes Musikklag og Clive Anderson viste seg i fin form, det same gjorde Arne Torget som i tale og rim fortalte kor lei seg han var for at han ikkje var god nok til å bli teken opp i skulekorpset. Men fana fekk han bera.

Publikum fekk òg med seg delar av historia til skulekorpset. Det sytte Margunn Aksnes og Berit Bjelland for. Sistnemnde fortalte at ei jubileumsbok er i kjømda.

Trude Aarsand
Kvinnheringen

 

Fleire bilete finn du i Bildearkivet.

    Utskriftsvennlig versjon
 

 

 

Husnes skulekorps, Postboks 142, 5480 Husnes, E-post: husnesskulekorps@knett.no