Husnes Skulekorps
Husnes skulekorps
 • Framsida    • Kva skjer    • Foreldreinformasjon    • Om korpset    • Turar    • Historie    • Bildearkiv    • Støtt korpset     • Gjestebok  

 

 

   Historie
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 304 065

 

 



2015 - Jubileumstur til tre land

19.–27. juni gjeste Husnes skulekorps Nice i Frankrike, Loano i Italia og miniputtstaten Monaco.

13 vaksne og 19 musikantar stod spente og forventningsfulle med koffertar og instrument fredag ettermiddag den 19. juni. Tre land, fire konsertar og masse anna kjekt stod på programmet. Første stopp var Clarion Hotel Bergen. Her var det tid for litt mat før vi fann sengene våre før avreise frå Flesland tidleg neste morgon. Det er alltid ei ekstra spenning med å reise på korpstur. Kjem all bagasjen fram og er instrumenta like heile? Men alt gjekk fint og bussen stod klar og venta på oss i Nice. Dei som ikkje sov på bussen fekk med seg at bussen køyrde gjennom litt av Frankrike og innom Monaco før vi kom til Italia.

Etter nesten to timar var vi framme i Loano og Ai Pozzi Village som var leilighetskomplekset vi skulle ha som base desse dagane. Fine leilegheiter, stort basseng, sandvolleybane, tennisbane og fotballbane. Ai Pozzi Village såg ut til å ha noko for ein kvar smak.

Den første dagen blei brukt til å gjere seg kjent i området. Nokon nytta tida i bassenget, og andre tok seg ein rusletur ned til Loano sentrum. Ein koseleg liten by med små butikkar i små tronge gater, restaurantar og ei lang strand ut mot Middelhavet. Utpå ettermiddagen var det tid for øving og felles middag før turens første konsert. Korpset blei ønska varmt velkommen av vertskapet og mange gjester fekk med seg ein flott konsert ved bassengkanten denne kvelden.

Måndag morgon var vi klare for utflukt og konsert i Monaco. Vi trudde vi skulle få ein engelsktalande guide, så gleda var stor då svenske Christina stod og venta på oss under ein oransje paraply. Ho fortalde om det vi køyrde forbi og kva som venta oss i Monaco. Der yrte det av turistar frå mange ulike land. Det vart tid til litt sightseeing og litt shopping i turistbutikkar før lunsj og konsert. Her blei vi tatt flott i mot. God mat og velvillig betjening som stilte lokalet sitt til disposisjon for oss. Om det ikkje var så mange gjester som var inne i lokalet, var det mange som fekk med seg fengjande flott korpsmusikk frå opne dører ut på gata. Mange stoppa opp, filma og tok bilde. Etter konserten var det tid for litt shopping i flotte butikkar, eller berre nyte synet av alle dei flotte husa og båtane som låg ved hamna.

Korpstur er meir enn ein vanleg ferie. Det er konsertar og opplevingar, men ikkje minst er det fellesskapet som står i fokus. Gutar og jenter på tvers av alder og interesse som har det kjekt i lag. Der alle får vera ein del av fellesskapet, og alle er like viktige og nødvendige. Fotballkampar med italienske gjester der ein får prøve seg på engelsk, leik og moro i bassenget og dans og opptrinn på scena om kvelden gjer noko med ein. Ein er ein del av noko større.

Tysdag ettermiddag var det klart for konsert i Loano by på Rocca Square. Dagen hadde vore varm og god med sol frå klar, blå himmel, men utpå ettermiddagen skya det til. Det vart torden og regn. Masse regn. Vi kom oss på rett plass i god tid og fekk setje instrumenta inn under ei markise til ein butikk. Stolar var sett klare til både musikantar og publikum, men dei var kliss våte. Det var berre til å vente og håpe på at regnet ville gi seg. Da konserten starta slutta regnet! Stolar blei tørka av og vi var klare for konsert. Dette var kjekt – masse folk kom og sette seg ned. Nokre stod på balkongar og nokre lytta til flott musikk ut opne vindauge. Flott konsert og fantastisk publikum.

Neste dag var vi klare for å møta guiden Christina att. Denne dagen gjekk turen til Cervo og Alassio. Cervo er ein liten fjellandsby. Her måtte vi gå opp ca. 200 trappetrinn før vi kom opp til toppen av byen. Der låg det ei nydeleg gamal katolsk kyrkje frå 1500-talet og vi fekk med oss starten på ei stemningsfull messe. Så gjekk turen vidare til Alassio. Det er faktisk staden der Thor Heyerdahl budde den siste delen av livet sitt. Han valde òg å bli gravlagd her. Her var det tid til sightseeing, lunsj og bading i Middelhavet for dei som ville det. Nok ein flott dag var over.

Torsdag bar det i veg til eit stort badeland. Her var det noko for ein kvar, bølgjebasseng og ulike sklier. Soling og avslapping. Ein topp dag for små og store.

Då fredagen kom var det på tide å seie farvel til Ai Pozzi Village og Loano for denne gongen. No gjekk turen tilbake til Nice i Frankrike. Ein flott by som hadde masse spennande å by på. Vi fekk tid til litt sightseeing, shopping og turens siste konsert. Vi hadde fått et speleoppdrag på ein festival med namnet «Jazz off». Korpset stilte opp framfor ein katolsk skule, Place Sasserno, og spelte til stor glede for dei frammøtte. Ein del av elevane stod i vindauget og dansa til dei fengjande stykka korpset spelte. Korpset vart filma av to personar frå kommunen. Det gode opptaket la dei ut på kommunen sin heimeside.

Dagen blei avslutta med nydeleg pizza og is på Le Quebec restaurant. Etterpå fekk vi med oss eit artig lys- og vasshow. Kvelden vart avslutta med ein tur på den flotte promenaden i Nice. Då var det berre pakking og heimreise som stod att på programmet. Litt spesielt var det å letta frå flyplassen i Nice som nesten ligg inni sjølve byen.

Frå varme, sol og mange minner rikare tok vi flyet frå Nice til Bergen. Tusen takk til alle musikantane som var med på å gje oss ein slik fantastisk flott tur. Det hadde ikkje blitt nokon tur viss ikkje De var der. Takk for all øving og tida de legg ned i Husnes skulekorps. Takk til alle foreldra som var med på å gjere turen så bra som den blei. Tusen takk til komiteen, med Anita Vågen Øvstebø i spissen. Ho hadde sydd saman eit flott og allsidig program for jubileumsturen vår.

Olaug Fagerheim

For fleire bilete sjå i Bildearkivet.

    Utskriftsvennlig versjon
 

 

 

Husnes skulekorps, Postboks 142, 5480 Husnes, E-post: husnesskulekorps@knett.no