Husnes Skulekorps
Husnes skulekorps
 • Framsida    • Kva skjer    • Foreldreinformasjon    • Om korpset    • Turar    • Historie    • Bildearkiv    • Støtt korpset     • Gjestebok  

 

 

   Historie
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 293 587

 

 


2016 - Lyst til å spela i korps?
 

ASPIRANTOPPLÆRING (frå 8 år)

I samarbeid med Husnes skulekorps gjer kulturskulen tilbod om aspirantopplæring.
No er det rette tida til å søkja elevplass for neste år! Fristen er 15 april. Du må senda søknad til kulturskulen her: http://www.kulturskulen.kvinnherad.no/

Undervisninga er organisert i grupper på 2 - 3 elevar (inntil 45 min). Dykk låner instrument, noter og notestativ av Husnes Skulekorps. Kryss av på søknaden for "Aspirantopplæring korps" og evt. instrumentleige. Me ynskjer dykk sjølvsagt hjarteleg velkommen som musikant hos oss, når dykk er ferdig med den første opplæringa.

For at aspirantane skal få bedre kjennskap til korpset, kjem me til å invitera aspirantane på konsertar og øvingar utover året.

Det første året betaler dykk det samme som alle de andre i kulturskulen. Styret i Husnes Skulekorps har bestemt at dei musikantane som fortsetjer i skolekorpset, kan få refundert halvparten av dette beløpet når musikanten har gått hos oss eit halvt år.

BESØK OSS PÅ FRITIDSMESSA 9. APRIL

Du kan høyra Husnes Skulekorps spela på fritidsmessa 9. april klokka 11.00 (lokala til Kvinnherad Kultursenter på Husnes). Me skal ha ein stand der ein kan få spørje om ting ein lurar på. Ein kan og få prøva instrument.

Dersom dykk lurar på noko om korpset allereie no, kan dykk kontakte Kari Bruntveit (Leder i Husnes Skulekorps) på tlf. 40 44 47 65 eller e-post: husnesskulekorps@knett.no

Vennleg helsing
Styret i Husnes Skulekorps

 

 

   


Get Adobe Reader

Read file
 




Utskriftsvennlig versjon
 

 

 

Husnes skulekorps, Postboks 142, 5480 Husnes, E-post: husnesskulekorps@knett.no