Print this page

Støtt korpset
c
c

Samanlikna med mange andre fritidsaktivitetar er det ikkje dyrt å spela i korps.

Og ryktet om at korpsforeldre må slita seg ut på dugnadsarbeid er, i alle høve for Husnes skulekorps sin del, svært overdrive.

Men nokre kroner treng vi til instrument og undervisning. Og noko hjelp med organisering undervegs. Her er nokre døme på kva som må gjerast:

Vi treng kaker når vi har samlingar og konsertar, vi har bruk for hjelp under festar og tilstellingar, vi tar imot gevinstar for utlodding, vi vil gjerne få hjelp med sal av lodd og kalender osv.

Vi tar gjerne imot Grasrotandelen frå Norsk Tipping sine pengespel. Grasrotandelen påverkar verken innsatsen eller eventuell gevinst for din del. I menyen til venstre finn du korleis du gjer dette.