Husnes Skulekorps
Husnes skulekorps
 • Framsida    • Kva skjer    • Årsplan    • Om korpset    • Turar    • Historie    • Bildearkiv    • Støtt korpset     • Gjestebok  

 

 

   Turar
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 359 164

 

 



2012 - Vi va i Spania (igjen!)

For eit par år sidan reiste korpset heilt til Alicante i Spania, med stor suksess. Turen vart så kjekk, både for musikantane og dei vaksne, at vi slo til att i haust, og reiste til Malaga i Spania igjen.

Og etter mykje forarbeid av styret og primus motor Anna Prestnes, reiste 26 musikantar og 16 vaksne tidleg sundag morgon, med uniformer, instrument, sommarklede og godt humør.

Vi fekk ein god base i Norske Sjømannskyrkja på Costa del Sol, medan vi budde vegg-i-vegg med dei i Calahonda, omtrent 30 minutt vest for Malaga. På Sjømannskyrkja fekk vi låne grill, badebasseng, internettoppkopling, øvingslokale til korpset og elles det vi måtte trenge. Og så fekk vi mat. Mykje god mat! Vi fekk lasagne, taco, graut, sjølvsagt fekk vi vaflar, og vi åt lunsj. Alltid like godt!

Men reiser ein på korpstur er sjølvsagt det musikalske innhaldet viktigast. Vi hadde til saman fire konsertar, kvar på omtrend 40 minuttar. I tillegg øvde korpset i Sjømannskyrkja. Utanom dei planlagde fire konsertane vart det ein del spontane konsertar, blant anna for borna på ein skule midt i Malaga by, på eit utsiktspunkt i Nerja, gjennom gatene i den same byen, og elles der ungane fant det passande. Gleda over å spele er stor, og musikantane spelar spontant opp når mogelegheita byr seg. Alltid til stor glede for dei som høyrer på!

Innimellom konsertane var det tid til bading, strandbesøk, tivoli, gokart, shopping både på gatemarknad og på kjøpesenter, mange kjekke restaurantbesøk, besøk på Malaga fotballstadion og i grotter, turar med hest og kjerre, sykkelturar i bratte oppoverbakkar, spansk nasjonaldag, mange koseleg fellesmåltid og mykje, mykje meir.

Så var dei åtte dagane over, og 42 nøgde musikantar og foreldre vendte nasen mot nord. På vegen heim vart det engasjert diskutert kor neste korpstur skal ta vegen, for snart er korpset 50 år! Og DET kan ikkje få gå forbi i stille!

Ann Kathrin Røssland


For bilete frå turen, sjå i Bildearkivet.

    Utskriftsvennlig versjon
 

 

 

Husnes skulekorps, Postboks 142, 5480 Husnes, E-post: husnesskulekorps@knett.no