Husnes Skulekorps
Husnes skulekorps
 • Framsida    • Kva skjer    • Årsplan    • Om korpset    • Turar    • Historie    • Bildearkiv    • Støtt korpset     • Gjestebok  

 

 

   Turar
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 359 133

 

 



2017 - Felles korpsseminar - Kinsarvik

Fredag 1. september – Søndag 3. september 2017 var Husnes Skulekorps på fellestur til Kinsarvik saman med Uskedalen skulekorps og Rosendal skulekorps.  Vi hadde seminar saman.  Både musikantane og foreldra som var med, var mildt sagt begeistra etter helga. 

Med seminaret får dei tre korpsa ein pangstart på sesongen.  Samlinga er av uvurderleg betydning både musikalsk og sosialt.  Fellesseminaret er kome i stand med støtte frå Sparebank1 Stiftinga Kvinnherad, og utan den støtta hadde det vore umogeleg å få til.  Det har vore tilsvarande samlingar i 4 år, men dei tre føregåande har vore på heimebane.  Alle har vore med støtte frå Kvinnheradstiftinga.

Felles buss gjekk frå Husnes klokka 16.00 på fredagen.

Me hadde leigd gode instruktører frå brassbandmiljøet:

  • Kornett – Petro Romanishyn og Preben Johansen
  • Euph/baritone/tuba – Clive Zwanswiniski (Musikalsk Leiar)
  • Trombone/horn – Marcel Totolici
  • Slagverk – Mauricio Weimar
  • Aspiranter – Aidan Smith

Sanger vi spilte:

  • Faded
  • Sing me to Sleep
  • Gonna Fly Now
  • Hark Rock Hallelujah

Aspirantene spela andre sanger som passa til dei 

Program – Hovedkorps

Fredag
19.00-20.30 – Felles hovedkorps

Lørdag
10.00-11.00 – Grupper
11.00-12.00 – Grupper
12.00-13.00 – Grupper
13.00-14.00 – Lunsj
14.00-15.00 – Korps
15.00-16.00 – Korps
16.00-19.00 – Fri
19.00-20.00 – Kvelds
20.00-23.00 – Disco / Quiz (Kahoot) / pakkeleik

Søndag
10.00-11.00 – Grupper
11.00-12.00 – Korps
12.00-13.00 – Korps
13.00-14.00 – Lunsj
14.00-15.00 – Korps
15.00 – Konsert
16.00 – Buss heim

Program – Aspiranter

Fredag
19.00-20.00 – Øving

Lørdag
10.00-11.00 – Øving
11.00-12.00 – Øving
12.00-13.00 – Fri
13.00-14.00 – Lunsj
14.00-15.00 - Øving
15.00-16.00 – Øving

Søndag
10.00-11.00 – Øving
11.00-12.00 – Øving
12.00-13.00 – Fri
13.00-14.00 – Lunsj
14.00-15.00 – Øving
15.00 – Konsert
16.00 – Buss heim

Sosialt

Gjestestovene stod til disposisjon for sosialt samvær om kveldane. I den eine stova var det musikkutstyr som me nytta til musikk / diskotek laurdagen. Aktivitetar i fritida: Mikkelparken,  hoppeslott, og utandørs oppvarma badebasseng som var veldig populært.

Konsert

Det heile vart avslutta med flott konsert med dei tre korpsa sammen (i eit felleskorps).  Dei som nett har starta i korpsa , var sett saman til eit korps, medan det som hadde spelt ei stund utgjorde storkorpset.  Flott gjennomført av begge!

Dei håpar sjølvsagt at det vert eit liknande seminar neste år.  Då er det Uskedal skulemusikk som står for tur til å stå for opplegget.  Anja Strüter fortel at dei er klar til å søkja Sparebank1Stiftinga om midlar.  Det håpar eg dei får, for eg er overtydd om at dette er den viktigaste korpshelga for dei tre korpsa gjennom heile sesongen. 

Noko av tekst er referet til Thor Inge Døsslands artikkel: http://uskedalen.no/no/nyhende/15920/

   

/Storkorpset__600.jpg  









Utskriftsvennlig versjon
 

 

 

Husnes skulekorps, Postboks 142, 5480 Husnes, E-post: husnesskulekorps@knett.no