Siste finpuss til korpskonkurransen Hordablæsten neste helg er i boks. Korpset spelte svært bra, presist og med masse "trøkk"! Alle dei 25 musikantene som skal vera med på konkurransen, var til stades. Vi er glade for at Joar tek seg tid til å vera med oss på seminar og konkurranse. Instruktørane på seminaret var Kjell Skarsfjord, Ingrid Leiromå og Marcel Totolici. Som dåke kan sjå på bileta jobba Marcel ein del med pusteteknikk.
Dirigenten vår Kjell Skarsfjord fekk overrakt eit stort fint bilete av korpset då han har dirigert Husnes skulekorps i heile 10 år.
Berit Bjelland vart og trekt fram fordi ho har jobba for korpset i 20 år.
Neste helg drar vi med buss til Bergen. Der blir det to hotellovernattinger, korpskonkurranse, byliv, skeiser og curling. Vi gler oss :-)
På konserten var det fullt hus. Til basaren og loddbøkene hadde vi mange fine gevinstar.
Britt
Fleire bilete finn du i bildearkivet.