Print this page
Ida Prestnes (t. v.) og Frida Saghaug saman med Åsmund Kåre Rørvik frå Sparebank1-stiftinga
2013 - Pengar til sommarskule

Torsdag 23. mai var Ida Prestnes og Frida Saghaug to av dei mange glade mottakarane av pengegåver frå Sparebank1-stiftinga. Husnes skulekorps fekk 60.000 kroner til sommarskule.

Utdelinga av pengegåver til lag og organisasjonar i Kvinnherad skjedde i Kulturhuset Husnes og var den fjerde utdelinga til Sparebank1-stiftinga. Husnes skulekorps har fått tidelt middlar tidlegare. Til saman Sparebank1-stiftinga har no delt ut 7, 5 millionar kroner til 142 søknader sidan stiftinga blei oppretta i 2010 etter fusjonen med SR-bank.

Pengane som vi no får frå Sparebank1-stiftinga skal vi bruka til sommarskule. Kvart år reiser fleire av Husnes skulekorps sine musikantar på sommarkurs i regi av Norsk Musikk Forbund, men i år skal vi i staden for å sende nokon få musikantar, ha seminar for heile korpset.

Mange takk for pengegåva! No gler vi oss til sommarskulen. Det blir ein kjekk start på eit nytt korpsår :-)