Støtt korpset
Samanlikna med mange andre fritidsaktivitetar er det ikkje dyrt å spela i korps.
Og ryktet om at korpsforeldre må slita seg ut på dugnadsarbeid er, i alle høve for Husnes skulekorps sin del, svært overdrive.
Men nokre kroner treng vi til instrument og undervisning. Og noko hjelp med organisering undervegs. Her er nokre døme på kva som må gjerast:
Vi treng kaker når vi har samlingar og konsertar, vi har bruk for hjelp under festar og tilstellingar, vi tar imot gevinstar for utlodding, vi vil gjerne få hjelp med sal av lodd og kalender osv.
Vi tar gjerne imot Grasrotandelen frå Norsk Tipping sine pengespel. Grasrotandelen påverkar verken innsatsen eller eventuell gevinst for din del.

Grasrotandelen
Grasrotandelen er ei ordning frå Norsk Tipping. Som registrert spelar kan du velja eit lag eller ein foreining du ønskjer å støtta.
Ved spel hjå Norsk Tipping vil 5 % av innsatsen gå direkte til ditt lag eller di foreining (gjeld ikkje Extra og Flax). Grasrotandelen påverkar verken innsatsen eller eventuell gevinst for din del. Du treng spelekort frå Norsk Tipping for å knyta deg til Grasrotandelen.
Vi oppfordrar deg til å støtte Husnes skulekorps og knyte deg til ordninga snarast. Skriv ut strekkoden som du finn nede på denne sida og ta med deg strekkoden saman med spelekortet ditt til ein Norsk Tipping-kommisjonær.
Meir informasjon finn du på grasrotandelen.no Her vil du også kunna følgja med på kor mykje grasrotandelene genererer for dei forskjellige grasrotmottakarane.
Takk for at du støtter oss via Grasrotandelen!

Her finn du strekkoden til Grasrotandelen
grasrotandelen20husnes20skulekorps20vervebrev1.pdf
Last ned