Husnes Skulekorps
Vi er eit skulekorps som held til på Husnes i Kvinnherad kommune (Hordaland).
Musikantane kjem i hovudsak frå Husnes, Sunde og Valen.
Kor møtes vi?
Skal ein bli god til noko, må ein øva.
Skulekorpset har sin øvingskveld om onsdagane på Husnes ungdomsskule i musikkrommet i kjellaren.
Musikantane møter trufast opp til øving. Det er svært lite fråvere. Miljøet i korpset er veldig godt.
Øvinga er delt opp i to økter à 45 minutt. I pausen har korpset av og til bingo eller kosekveld med litt godt å eta. Vi har ulike spel, eller vi finn på andre aktivitetar. Korpset har etter kvart blitt ein god og samansveisa venegjeng som kjenner kvarandre godt.
Dirigenten til korpset heiter Kjell Skarsfjord.

Dirigent
Kjell Skarsfjord har vore dirigent heilt sidan 1991 for ulike korps rundt om i landet. Han byrja som dirigent for Husnes skulekorps i 2004.
På spørsmål om kva bakgrunn Kjell har for å bli dirigent og musikklærar, fortel Kjell at han har ei fem år lang utdanning bak seg. Han er utdanna faglærar i musikk. Kjell seier at han alltid har spelt og øvd mykje opp gjennom.
Når Kjell ikkje er dirigent for oss, underviser han elevar i cello i Kvinnherad kulturskule. Han underviser òg elevar med spesielle behov. På dagtid er han musikklærar på Rosendal ungdomsskule. Som om ikkje dette er nok, spelar han cello i Sunnhordland kammerorkester.
Kjell synest at Husnes skulekorps er ein veldig kjekk gjeng og alltid i humør. Han skryt av korpset for at musikantane er flinke til å møta opp på øvingane, og flinke til å spela.